-
Her vårt løypenett og litt informasjon på kortid dei vert trakka:
-
Lysløype/Brekka: 2,8 km t/r
- Lysløypa vert trakka dagleg (til 17.00) så sant vêr og føre tilet det.
-
Fløtravarden: 7,2 km t/r
- Rundløypa til Fløtravarden (via Flølostøylen) blir trakka så snart snøforholda tilet det. Denne løypa er pri 2 etter lysløypa og skal minimum preppast til 10.00 laurdag og søndag. Dersom vêrmelding og snøforhold er ok, vil denne og bli vedlikehalde i midtveka.
-
Snøfjellet: 13 km t/r
- Løypa frå Fløtravarden til Snøfjellet blir trakka når snøforholda tilet det. Denne blir preppa i helgar primært.
-
Støyvastøylen: 6,8 km t/r
- Blir preppa når snøforholda tillet det i helgar. Vi vil legge om profilen på denne litt i år når vi får nok snø.
-
Rypeskarsløypa: ca 20 km
- Rypeskarsløypa er ei løype vi ynskjer å finne ein ny profil på slik at denne kan preppast tidlegare og oftare i sesongen. Dette betyr at vi moglegeins vil finne ein trasè som ikkje går så høgt opp under Snøfjellet og Dunheia.
-
Svartebotnen: 24 km t/r (via løypa til Støyvastøylen)
- Blir trakka når vi har fått nok snø.
-